Byggjer bru mellom utdanningane og arbeidslivet

Kjære statsråd, studentar, kollegaer og representantar frå arbeidslivet. 

Det er stor stas for meg å ønskje dykk velkomen til Høyskolen Kristiania. Vi er stolte og glade for å vere vertskap for lanseringa av Arbeidsrelevans-meldinga. Høyskolen Kristiania har alltid vore opptatt av å byggje bru mellom utdanningane og arbeidslivet. Praksisnær er ein av våre kjerneverdiar.

Rektor Arne H. Krumsvik. (Foto: Jonatan Quintero)

Vi vart etablert i 1914 for å gi alle muligheit til utdanning for personlig vekst. Den gong, som no, var utdanning ein viktig måte å betre sine kår på. For at dette skulle skje, var det den gong, som no, ein føresetnad at utdanninga viste seg å vere relevant.

Kristiania har endra seg mykje sidan starten. I dag har vi nærare 15.000 studentar i Oslo, Bergen, og fleksibelt på nett. No er vi i full gang med å skape eit uavhengig arbeidslivsuniversitet. For å lykkes med det, må vi vise og bevise at vi er relevante for arbeidslivet.

No er vi i full gang med å skape eit uavhengig arbeidslivsuniversitet.

Fordi arbeidsrelevans er viktig for oss, har vi mange forelesarar frå arbeidslivet som bidreg inn i våre studiar. Det gjer at det blir lettare for studentane å forstå korleis teoretisk kunnskap kan omsetjast til praktisk handling i eit yrke. 

Mange av våre tilsette har også ein bakgrunn frå arbeidslivet. Sjølv jobba eg 15 år som journalist og redaktør før eg gikk tilbake til akademia og vart professor og no rektor. Det har vore litt av ein overgang, men eg har nytte av arbeidslivserfaringa mi kvar einaste dag.

Vi ser frem til å finlese Arbeidsrelevans-meldinga. Eg kan love at vi skal gjere vårt beste for å fortsette å byggje bru mellom Kristiania og arbeidslivet. Det skal vi gjere både gjennom forsking, utdanning og andre tiltak for å bidra til verdiskaping og velstand i samfunnet.

Eg kan love at vi skal gjere vårt beste for å fortsette å byggje bru mellom Kristiania og arbeidslivet.

Det siste året har vi jobba saman med UiS, USN og UiA for å sjå korleis universitet og høgskular kan lære av kvarandre for å bli betre innan forskingskommunikasjon, samfunnsdialog og innovasjon. Dette er ein viktig aktivitet som støttar opp under målsettinga til Arbeidsrelevans-meldinga om at det skal vere samanheng og samforstand mellom oss som jobbar med utdanning og det arbeidslivet og samfunnet som skal ta imot våre studentar.

For det er sjølvsagt studentane – framtidas arbeidstakarar, entreprenørar og bedriftsleiarar – det handlar aller mest om. Takk igjen for at vi får vere vertskap for Arbeidsrelevans-meldinga.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *