– No det tid for å tenkje nytt

Studentleiar og rektor ved Høyskolen Kristiania skriv ope brev til statsråden.

Kjære arbeids- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim,

Mange studentar har mista ekstrajobben og slit økonomisk. Vi er redd for at mange no gir opp å fullføre utdanninga. Det er eit problem både for den enkelte og for samfunnet.

Vi får tilbakemeldingar om at fleire enn vanleg er i ferd med å gi opp og vurderer å seie frå seg studieplassane sine. Og vi veit at for mange er vårsemesteret kritisk. Det er ingen grunn til å vente og sjå.

Særleg på store studiestadar som Oslo og Bergen er det dyrt å leve. 8.200 kroner i månaden frå Lånekassa rekk ikkje til husleige, forsikring, kollektivtransport, mobil, internett, mat, klede og det ein elles treng i kvardagen. Løysinga på problemet er å ta seg ein deltidsjobb. Det gir også verdifull kontakt med arbeidslivet.

Så kjem pandemien, og jobbane forsvinn. «Vanlege» arbeidstakarar får bortfall av lønn kompensert av NAV. Studentane, som også har betalt sin skatt, får i staden tilbod om å ta opp meir lån. 

«Vi må unngå at hjelpetiltaka i ei vanskeleg tid verkar mot si hensikt. Løysinga er ikkje å tilby unge menneske endå meir gjeld.»

Under ein spørjetime vi nyleg hadde for studentar ved Høyskolen Kristiania, fekk vi mange spørsmål om økonomi. No er det mange som opplever ein kritisk situasjon. Sjølv om komande vaksiner gir lys i tunnelen, må vi truleg leve med pandemien ei god stund til. 

Studentar fortel oss at dei er såra, redde og frustrerte. Dei ønskjer ikkje å gi opp studiane. Det er sløsing med ressursane både for samfunnet og den einskilde kvar gong nokon gir opp å fullføre utdanninga. 

Vi må unngå at hjelpetiltaka i ei vanskeleg tid verkar mot si hensikt. Løysinga er ikkje å tilby unge menneske endå meir gjeld. NAV-støtte til studentar som mister jobben bryt med den vanlege måten å tenkje på. Men det er ei tid for alt. No er det tid for å tenkje nytt.

Beste helsing,

Kristoffer Myklebust Egset, leiar for Studentunionen ved Høyskolen Kristiania. Arne H. Krumsvik, rektor ved Høyskolen Kristiania

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *