Dette har vi klart ein gong før, og no skal vi klare det saman igjen

Studentane sin spørretime er gjennomført for første gong ved Høyskolen Kristiania. Som videomøte, sjølvsagt.

Leiar for Studentunionen Kristoffer Egset, høgskuledirektør Tine Widerøe og prorektor for utdanning Helene Sætersdal deltok i panelet. Vi orienterte om sosiale tiltak i haust, og planane for våren. Dette var mi innleiing:

I mars sa Erna Solberg det så enkelt og greitt på barna sin pressekonferanse: «Hvis vi ikke møter hverandre, kommer vi heller ikke til å smitte hverandre».  

Det er jo logisk. Det høyrest så enkelt ut, men no veit vi at dette ikkje er lett for nokon av oss. Og vi både veit og forstår at studentar er ei gruppe der denne typen innskrenkingar opplevast som spesielt vanskeleg. Vi som jobbar på Kristiania har sjølv vore studentar. Og vi veit at det gode studentlivet handlar om å vere sosial, jobbe tett saman i grupper og bygge nettverk for livet. Mange har flytta heimanfra for første gang, og har venta på at sjølve livet skal begynne på ordentleg.  

«…vi veit at det gode studentlivet handlar om å vere sosial, jobbe tett saman i grupper og bygge nettverk for livet»

I vår var vi svært imponerte over den innsatsen de la ned, alt de ofra for fellesskapet. Helse- og omsorgsminister Bent Høie sa det godt i sin tale til ungdommen i april: «Dere har satt livet på vent – for at andre skal berge livet».  

No er vi der igjen. Dei siste vekene har vi fått pålegg frå både kommune og stat om å stramme kraftig inn. Situasjonen er svært alvorleg. Det er berre å løfte blikket utover våre eigne grenser for å sjå kva tilstander vi ikkje ønsker i Noreg.  

Derfor blir vi alle bedt om å bidra i dugnaden for å hindre at særlig eldre, eller dei som slit med underliggande sjukdom, skal bli smitta av Covid-19.  

Eg innrømmer gjerne at i lengda er det litt stusselig å sitte her som rektor på heimekontor. Dag etter dag. Sjølv om eg har selskap i to kattar og ei kone som også har heimekontor. Eg saknar å høyre latter i gangane, og å slå av ein prat med studentar og kollegaer. 

Men i tunge stunder må vi minne kvarandre om at dette har vi klart ein gong før, og no skal vi klare det saman igjen. Hugs derfor at det i all sosial isolasjon er viktig å ta vare på kvarandre: ring, chat eller send ein oppmuntrande SMS til nye og gamle studievennar.  

Frå i dag av iverkset vi fleire sosiale tiltak, noko høgskuledirektør Tine Widerøe skal snakke meir om straks. Deretter vil prorektor for utdanning, Helene Sætersdal, fortelle om våre planar for neste semester.  

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *