De er viktige endringsagentar!

Kjære avgangsstudent,

Først av alt vil eg gratulere deg med den store dagen ­– der heime. Eg veit at de sit både i nord og i sør, i aust og i vest. For våren 2020 er den vi aldri kjem til å gløyme.

Skjermen har vore full av sterke inntrykk: dødelig pandemi og demonstrasjonar i mange land. Men dei siste månadene har også fått fram mykje godt i oss – og ikkje minst i dykk. 

Eg har dei gode kollegaene mine med meg når eg seier at vi har trua på dykk alle samen. Vi set vår lit til dykk. For det er de som skal være med på å forandre verda.

Høyskolen Kristiania vart stifta av ein slik endringsagent for 106 år sidan. Ernst G. Mortensen revolusjonerte Noreg med sin draum om å gi flest mulig anledning til utdanning og personleg utvikling. Til det beste for samfunnet.

Den gangen var det brev. No er det breiband. 

For sjølv om vi er åtskilt akkurat no, har vi likevel eit fellesskap. Eg skulle helst ha sett dykk her i «RL» – i all dykkar PRAKT – saman med dei stolte nære og kjære. Men eg håper at dei sit der heime saman med deg akkurat nå. Gi dei ein klem!

Hugs å takke foreldre, søsken og andre støttespelar for at dei har støtta deg i motvind, og heia i medvind. Vi på Kristiania vil takke for at vi har fått ha dykk til «låns» i tre år. De har lært oss mykje.

Og vi er trygge på at du er godt skodd for framtida. Enten du får akkurat den karrieren du hadde tenkt, eller du endar opp ein heilt annan stad, har du lært å løyse komplekse problem på ein systematisk måte. Det er det viktigaste du har med deg vidare frå oss. Og det kan brukast i alle yrke.

Ut døra har du også med deg eit papir som vil være gull verdt. Det viser at du fullførte der andre ga opp. 

Og vi på Kristiania skal gjere vårt beste for at vitnemålet ditt berre vil auke i verdi med åra. Vi skal gjere vårt for å endre Noreg ved å bygge det første arbeidslivsuniversitetet. 

Våre verdiord er praksisnær, raus, ambisiøs, kreativ og tolerant. Det blir PRAKT. Og de er praktfulle.

Når de no går ut for å bidra i samfunnet, så bruk alt de har lært. Still spørsmål, tenk nytt! 

De er viktige endringsagentar. Det er de som skal endre verda. Det er de som skal redde verda. Dette er dykkar si tid.

Lykke til!

Rektors tale på avgangsseremonien ved Høyskolen Kristiania, 17. juni 2020.

1 Comments on “De er viktige endringsagentar!”

  1. Pingback: 170 ferske helsefagstudenter fra Høyskolen Kristiania ut i markedet - Kunnskapsmagasinet

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *