Tsunami av falske nyheter, rykter og desinformasjon

Koronautbrotet er også ein infodemi – ein tsunami av feilinformasjon, desinformasjon, falske nyheiter, rykte og konspirasjonsteoriar, åtvarar Bente Kalsnes.

KOMMENTAR: Bente Kalsnes om kommunikasjon

Falske nyheter skyller inn over oss. Illustrasjonsbilde. Photo by Matthew Hume on Unsplash..jpg
Koronautbrotet også ein infodemi, ein tsunami av feilinformasjon, desinformasjon, falske nyheiter, rykte og konspirasjonsteoriar, skriver Bente Kalsnes. Illustrasjonsbilde. Photo by Matthew Hume on Unsplash.

Omgrepet infodemi vart brukt av Verdas helseorganisasjon (WHO) for å skildre den enorme informasjonsstraumen i samband med koronakrisa. Spreiinga av sjukdomen covid-19 starta i storbyen Wuhan i Kina og utvikla seg til å verte ein pandemi.

I sosiale medium som Facebook, Twitter, Instagram og TikTok vert faktabasert informasjon om koronakrisa spreidd lynraskt og ukontrollert, men dette gjeld også desinformasjon og feilinformasjon. 

Det er ikkje utan grunn at virale kampanjar har henta namnet sitt frå epidemiologien: når ein post, eit bilete, ein video eller eit meme er spreidd veldig raskt til veldig mange menneske, seier vi at det har fått viral spreiing – som eit virus.

Infodemien er, i likskap med viruset, helseskadeleg og kan i verste fall forårsake dødsfall.

Feilinformasjon og virale misforståingar

Kort forklart kan feilinformasjon forklarast som umedvitne feil, mangelfull eller misvisande informasjon der feilen ikkje er gjort med hensikt. Årsaka kan vere misforståingar, slurv eller rykte som gjer at feilinformasjonen kjem ut og vert spreidd, til dømes i artiklar skrivne av journalistar eller i sosiale medium-postar.

Journalistar kan gjere feil, til dømes å feilstave eit namn eller misforstå, men journalistar som følgjer Ver Varsam-plakaten, skal rette opp og be om orsaking for feil så snart som mogeleg.

Slik feilinformasjon kan få endå større spreiing dersom kjende personar spreier den vidare. Den amerikanske presidenten Donald Trump, til dømes, har fleire gongar sagt at malariamedisinen Klorokin kan vere ein “gamechanger” og “eit stort gjennombrot” i kampen mot koronaviruset, men det er før forskarar har dokumentert at medisinen verkeleg har ein verknad på pasientar med covid-19. Dette vert det i augeblikket forska på, og ein må sjå resultat på at det faktisk verkar før legar i Noreg vil få løyve til å skrive ut medisinen til nordmenn.

Eit innlegg frå ein pensjonert lege med ulike påstandar om korona vart spreidd vidt då den tidlegare skodespelaren Henriette Lien delte det på Facebook til sine 59.000 følgjarar. Den norske faktasjekk-redaksjonen Faktisk.no har tilbakevist påstand etter påstand i dette innlegget, og Lien har seinare sletta innlegget.

Men ho er ikkje åleine om å ha lese og delt feilinformasjon den siste tida. I ei undersøking frå Medietilsynet kom det fram at nesten fem av ti nordmenn har støtt på falske nyheiter om koronaviruset i løpet av den første veka med nasjonale tiltak knytt til sjukdommen. Under koronakrisa har vi høyrt mange feilaktige og farlege rykte spreie seg, som at bleikemiddel, heimebrent, kvitlauk, te, kokain og onanering kan kurere viruset. Kjedebrev med liknande feilinformasjon har vorte spreidde blant norske Facebook-brukarar.

Koronakrisa har ført til eit enormt behov for informasjon blant anna om kva dette viruset eigentleg er, korleis ein skal hindre smitte og spreiing, og kva som krevst for å utvikle ein vaksine. Dersom det er manglande eller uklar informasjon om eit tema som folk er bekymra og uroa for, slik situasjonen er under koronakrisa, kan feilinformasjon, rykte og spekulasjonar lett oppstå.

Desinformasjon og ville konspirasjonsteoriar

Desinformasjon er «systematisk og medviten feilinformasjon som har til hensikt å breie ut visse haldningar og få mottakarane til å reagere på bestemte måtar», ifølge Store norske leksikon. Forskjellen på feilinformasjon og desinformasjon er at desinformasjon handlar om medviten spreiing av feil eller manipulert informasjon, medan feilinformasjon blir spreidd ved eit uhell.

Faren for spreiing av desinformasjon under koronakrisa har vorte framheva i risikorapporten frå Nasjonal Sikkerhetsmyndighet (NSM). Falske nyheiter kan verte spreidde for å skape sterke motsetningar, påverke avgjersler eller undergrave tilliten til norske styresmakter, seier justisminister Monica Mæland.  

Også forsvarsalliansen NATO, kor Jens Stoltenberg er generalsekretær, har uttrykt klar bekymring over spreiinga av desinformasjon. NATO har laga ei liste over «Russland sine topp fem mytar» om NATO og covid-19-pandemien. Ein av mytane Russland har freista å spreie, er at koronaviruset er i ferd med å bryte ned NATO-alliansen, noko NATO tilbakeviser ved å syne til at beredskapen i forsvarsalliansen vert oppretthalden som normalt.

Det har også vorte produsert og spreidd desinformasjon og konspirasjonsteoriar om at koronaviruset er eit biologisk våpen, utvikla av høvesvis USA, Russland, NATO, Israel, George Soros, Bill og Melinda Gates eller legemiddelselskap. I Storbritannia har spekulasjonar om at utbygginga av 5G-nettet spreier koronaviruset gått så langt at nokon har tent på mobilmaster i fire byar. Det er ingen bevis for at mobiltelefonsignal utgjer ein helserisiko, ifølgje Faktisk.no.

I ein situasjon som koronakrisa kan både feilinformasjon og desinformasjon vere problematisk og helsefarleg, fordi vi er avhengige av faktabasert informasjon for å ta gode avgjersler om vår eiga og andre si helse. For å sørgje for at folk er informerte og handlar klokt for å verne seg mot smitte, må WHO bruke ressursar på å nedkjempe feilinformasjon og desinformasjon. Dei har eit eige team som jobbar med å oppdage og tilbakevise rykte om falske kurar i sosiale medium som Weibo, Twitter, Facebook, Instagram, LinedIn og Pinterest.

Svindel for å tene pengar på koronaviruset

Falske nettbutikkar og nettsider som freistar å lure personar til å oppgje sensitiv, personleg informasjon har også dukka opp i kjølvatnet av koronakrisa, til dømes nettbutikkar som sel munnbind eller masker. Falske kontoar på sosiale medium, falske nettsider og nettbutikkar kan vere ute etter personleg informasjon for å svindle andre menneske.

Svindelen har også dukka opp som e-postar som lovar ein kur mot korona, tilbyr testutstyr eller promoterer innsamlingar for selskap som skal nedkjempe viruset. Ver difor på vakt mot nettsider eller e-postar som spør etter, til dømes, passord, kontonummer eller kredittkortnummer.

Media si rolle

I denne situasjonen har redaksjonelle medium som nettaviser, tv og radio ein stor jobb med å sjekke fakta og verifisere informasjon før den vert publisert.

Norske journalistar og redaktørar følgjer som nemnt Ver varsom-plakaten, som er eit sett med etiske retningslinjer for journalistar. Det vert til dømes stilt tydelege krav til kjeldekritikk – ein skal bruke fleire kjelder for å stadfeste eller avkrefte informasjon. Men i ein situasjon som koronakrisa er det krevjande å få alt riktig, fordi det endrar seg så raskt, det skjer så mykje samstundes og det finst førebels avgrensa med forsking om viruset.

Vi har sett døme på at norske medium har rapportert saker som dei seinare har beklaga fordi dei viste seg å vere feilaktige. Asker og Bærum Budstikke publiserte i mars ei nyheitssak om at fleire pasientar under 45 år, utan underliggjande sjukdommar, har lege i respirator på Bærum sjukehus. Dette var ikkje riktig, og Budstikka måtte beklage publiseringa. Norske medium har også vorte kritiserte for vinklinga av saker, for å ikkje ta trugselen frå koronaviruset på alvor tidleg nok, men også for å vere for alarmistiske, eller for å vere mikrofonstativ for norske styresmakter ved å ikkje stille kritiske spørsmål.

Det er for tidleg å felle den endelege dommen over media si dekning og styresmaktene si handtering av koronakrisa, men fleire ting er tydelege: tal frå analysebyrået Retriever viser at pandemien vil verte den mest dekte saka nokosinne, nyheitsinteressa er skyhøg og kanalane som vert brukte hyppigast er tv og nettaviser. Samstundes er sosiale medium svært viktige inngangsportar til informasjon – men også feilinformasjon – om koronaviruset.

Korleis avdekke feilinformasjon og desinformasjon om koronakrisa?

Koronakrisa utløyser gjerne frykt og uro hjå mange menneske, kjensler som gjer at mange deler saker utan å først sjekke om kjelda er til å stole på. Her er nokre kjeldekritiske hugsereglar frå faktasjekk-nettstaden First Draft som kan beskytte deg frå rykte som gjev seg ut for å vere faktabasert informasjon. Sentrale stikkord er kjelde, historie, fakta, kjensler og bilete.

  • Kjelde: Kven står bak saka? Er det informasjon på nettsida eller på sosiale medium-kontoen om kven som har publisert dette? Har informasjonen vorte omtalt andre stadar, som i nyheitsmedium eller på nettsida til Folkehelseinstituttet eller helsenorge.no?
  • Historie: Har kjelda ein agenda? Kva historiske fotspor har kjelda etterlate seg tidlegare? Kva tema dekker nettstaden eller kontoen vanlegvis? Er kjelda einsidig?
  • Fakta: Undersøk fakta i saka, anten det er eit meme, eit bilete eller ei nyheitssak. Stemmer det? Er saka faktabasert? Er saka «for utruleg til å vere sann»? Då er den truleg ikkje sann.
  • Kjensler: Baserer kjelda seg på kjensler? Ver merksam på sensasjonelt, provoserande og polariserande språk.
  • Bilete: Stemmer bilete eller har det opphaveleg vorte brukt i ein annan samanheng? Sjekk ved å bruke omvendt biletsøk, til dømes på TinEye eller Google biletsøk. 

Vask hendene og sjekk kjelder

For å få oppdatert og påliteleg informasjon om koronaviruset, kan du besøke Folkehelseinstituttet og Helsenorge.no eller Verdas helseorganisasjon.

Sjekk også heimesidene til din eigen kommune for informasjon om lokale forhold og beredskap.

På same vis som koronaviruset spreier seg med stor fart, vert også falske nyheiter og feilinformasjon om viruset spreia. Og slik vi må vaske hendene og halde avstand, må vi også ta forholdsreglar for å ikkje verte lurte av kjedebrev, falske nyheiter eller feilinformasjon om koronaviruset som sirkulerer på nett.

Referanser:

Bente Kalsnes (2019: Falske nyheter. Løgn, desinformasjon og propaganda i den digitale offentligheten. Cappelen Damm Akademisk.

Denne kommentarartikkelen er først publisert i NUPI Skole 27. april 2020 med overskriften «Korona og falske nyheiter: Ein infodemi». Artikkelen er også publisert i Framtida.no 4. mai 2020.

Koronautbrotet også ein infodemi, ein tsunami av feilinformasjon, desinformasjon, falske nyheiter, rykte og konspirasjonsteoriar, skriver Bente Kalsnes.. Illustrasjonsbilde. Photo by Matthew Hume on Unsplash.

Tekst: Førsteamanuensis Bente Kalsnes, Institutt for kommunikasjon ved Høyskolen Kristiania.

Si din mening:

Send gjerne dine spørsmål og kommentarer til denne artikkelen på E-post til kunnskap@kristiania.no. Bruk gjerne kommentarfeltet nedenfor.

8 Comments on “Tsunami av falske nyheter, rykter og desinformasjon”

  1. Pingback: Bruker falske nyheter for å slå ned på ytringer som ikke faller i smak - Kunnskapsmagasinet

  2. Pingback: Hvordan unngå å kjøpe falskt medisinsk utstyr? - Kunnskapsmagasinet

  3. Pingback: Sjekk kilden! Fire tips om god kildekritikk - Kunnskapsmagasinet

  4. Pingback: Korona-profitørene - Kunnskapsmagasinet

  5. Pingback: Krisekommunikasjon på Dagsorden - Kunnskapsmagasinet

  6. Pingback: Fortellinger om pandemi kan hjelpe oss i møtet med ulykker - Kunnskapsmagasinet

  7. Pingback: USA drukner i konspirasjonsteorier - Kunnskapsmagasinet

  8. Pingback: Korona smitter ikke gjennom kultur - Kunnskapsmagasinet

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *