– Å gi flest mulig anledning til utdanning og personlig utvikling

Kjære Statsråd og inviterte gjester, kjære kolleger!

Det er Høyskolen Kristiania sitt formål å «…gi flest mulig anledning til utdanning og personlig utvikling i et livslangt læringsperspektiv, og til det beste for samfunnet».

Dette er vår misjon. Det er dette vi er til for. Dette er eit oppdrag som berre kan løysast av oss alle i fellesskap.

Denne organisasjonen har over 100 års erfaring med å «gi flest mulig anledning til utdanning og personlig utvikling». Dette er arven vi har med oss frå Ernst G. Mortensen og Norsk korrespondanseskole. Vi er mange her som kjem frå heimar der breva frå NKS var ei opning til verda og til ny innsikt.

Saman kan vi gå vidare mot våre djerve mål fordi vi står på skuldrane til slike som Ernst G. Og til alle som så langt har vore sentrale i arbeidet med å bygge dette framtidige universitetet. Det er med ydmykheit eg overtek stafettpinnen frå Trond Blindheim.

Vi kjem vidare ved å kombinere det forutsigbare med det nyskapande. Kontinuitet og endring. Eit rektorkollegium med to som fortsetter og to som kjem utanfrå, bidreg også til dette.

Vi skal helt tilbake til 1100-talet og den franske filosofen Bernard de Chartres for å finne opphavet til metaforen om å stå på skuldrane til dei som har gått før oss. Isaac Newton er den som har blitt mest berømt for talemåten. I 1676 skreiv Newton til ein kollega at «Dersom eg har sett lenger, er det fordi eg har stått på skuldrane til kjemper».

Han sikta til korleis vi kjem til ny innsikt. Den byggjer alltid på tidlegare lærdom. Som forskarar er vi individ, men forskinga er kollektiv. Vi må ha inngåande kjennskap til faget for å levere relevant forsking, og vi må ha den same innsikta for å kunne gi relevant undervising.

Indikasjonar på relevans får vi når forskingsartiklar vert publisert i velrennomerte internasjonale tidskrift, når andre høgskular tek i bruk lærebøker som våre fagfolk har forfatta, og når studentane våre får jobb og karriere. Ein annen viktig indikasjon på relevans er at den enkelte student vel å gjennomføre studiet som dei har starta på.

Forrige veke starta over 100.000 ungdommar sitt nye liv som studentar her til lands. Dessverre vil alt for mange av dei gi opp allerede før eksamen i mai. Som Kvalitetsmeldingen slår fast, er lav gjennomføring sløsing med ressurser både for den enkelte og for samfunnet.

Vi har valgt å sette dette samfunnsproblemet på dagsorden ved årets studiestart.

Forskninga er ganske eintydig om kva som skal til for å oppnå mindre frafall og bedre gjennomføring. Det som gjerne vert kalla studentsuksess. Det handlar om studentane sine forventingar, akademisk oppfølging, tilbakemeldingar, samt faglig og sosial integrering.

På alle disse fem faktorane scorar gjerne høgskulane betre enn dei gamle universiteta. Ikkje overraskende kan mange høgskule-program derfor vise til mindre fråfall og betre gjennomføring.

Heile sektoren har oppdatert innsikt i kva som skaper gode læringsmiljø. No gjenstår det at institusjonane endrer seg.

Under Arendalsuka nyleg vart det lagt fram ein NIFU-rapport som viser at den tradisjonelle forelesninga fortsatt dominerer ved norske universitet. Rapporten viser også at dei ikkje har blitt bedre til ta i bruk nye læringsformer de siste 17 åra.

Problemet er dessverre enda eldre. Mangelen på bøker var grunnen til at universiteta starta med forelesningar. Professoren leste teksten, og studentane noterte. Ifølge nobelprisvinnar Carl Wieman har undervisningsmetodene ved universiteta ikke tatt inn over seg ny teknologi. Som for eksempel boktrykkekunsten.​

Ved Høyskolen Kristiania er variasjonen i læringsformer stor, og vi kan vise til gode resultat. Men det er viktig å ikke kvile på våre laubær. Vi skal investere både i tid og teknologi for å få ny innsikt, og fortsette å jobbe systematisk med tiltak som sikrar studentsuksess. 

Utviklinga av Kristiania-pedagogikken blir ein sentral del av dette arbeidet.

I debattar om behovet for justeringar, kan det synes som at enkelte pedagogiske grep oppleves å være under nokre universitetsmiljø sin verdigheit. «Man er jo tross alt et universitet».

Eg står her som leiar ved ein høgskule som aspirerer mot universitetsstatus. Noko av det som bekymrer mest i den prosessen vi har foran oss, er at vi skal bli likare dei gamle universiteta i tilrettelegginga av studentane sitt læringsmiljø. Det vil ikkje vere i verken studentane eller samfunnet si interesse. ​

Vårt universitet skal ta vare på det som har gjort Høyskolen Kristiania til ein anerkjent utdanningsaktør. Vi skal holde fast på vår nærhet til bransjer og arbeidsliv, samtidig som pedagogikken vår skal være leiande i sektoren, og til inspirasjon for andre institusjonar.

Vegen fram til universitetsstatus kan synes både bratt og lang. Den einaste måten å kome dit på, er å starte reisa. Eg er glad for å kunne annonsere i dag at vi skal utvikle vårt første doktorgradskurs allereie denne hausten. Det skal vi gjere i samarbeid med Institutt for informasjons- og medievitenskap ved Universitetet i Bergen. Og kurset skal vi halde på Media City. Det blir eit tverrfagleg opplegg om kommunikasjon, som kan inngå i alle våre framtidige doktorgrader. Professor Anders Olof Larsson frå Westerdals institutt for kommunikasjon og design er vår prosjektleiar.

Dette markerer at vi står nært praksisfeltet også i utviklinga av doktorutdanningane våre, og at vi er langsiktige og seriøse i vår satsing på utdaning i byen blant dei sju fjell.​

I samarbeid med andre i sektoren har vi også starta arbeidet med å etablere ei fellesgrad i kunstnerisk utviklingsarbeid. Vår representant i arbeidsgruppa er prorektor Trine Johansen Meza.

Med andre ord har vi tatt dei første viktige stega for å etablere forskarutdanning ved Høyskolen Kristiania. Ei ph.d.-grad kvalifiser til vidare akademisk karriere eller leiande arbeid innan næringsliv, forvaltning og utdanning.​

For oss som institusjon, betyr det at vi har starta på vegen mot universitetsstatus! 

Vi skal oppføre oss som eit universitet også før vi står ved målet.

Det skal vi gjere fordi vi er ambisiøse. Vi arbeider aktivt og målretta mot akademisk- og bransjerelevant annerkjennelse. Vi stiller strenge krav til oss sjølv og våre studentar når det gjelder kompetanse, kunnskap og ferdigheter.

Vi er praksisnære. Vår undervisning, forskig og formidling bidreg til at studentane våre er godt forberedt på tida som kjem etter siste eksamen.

Vi er kreative. Vi er nyskapende, og vågar å vere litt annerledes og innovative. Mange av våre studier er vi alene om å tilby i Norge, og vi skal utvikle enda flere unike studier.

Vi er tolerante. Vi er fordomsfrie og har ein genuin vilje til å samarbeide og til å akseptere kvarandre sine meninger og fortolkningsperspektiv, til tross for at vi har mange svært ulike studietilbud og fagtradisjonar.

Eg er stolt av å jobbe ved ein slik høgskule med slike verdiar. Og som symbol på det, vil eg kvar dag bære jakkemerket med Høyskolen Kristiania. Vi har lagt ut merker til alle her i dag. Det er berre å forsyne seg, og feste på jakka. Eg håper du også har lyst å vise kvar du kjem frå!

Den første dagen min på jobb sendte eg fem spørsmål til alle ansatte. Alle kunne svare anonymt. Ideen var å gi kvar enkelt ei like sterk stemme.

Eg fekk 232 svar. Og eg fekk klar beskjed om kva som er forventingane til meg som ny rektor.

Her er ei liste med 14 representative innspel: 

  1. Større fokus på samfunnsoppdrag og samfunnsbidrag.
  2. At du ikke plager professorene, men gir dem autonomi og slipper fri skapende og forskende krefter.
  3. At du vil bidra til at publisering og forskning settes på agendaen og gis høyere status. 
  4. Å være synlig og en aktiv stemme i samfunnsdebatten.
  5. Delegere og vise medarbeidere tillit.
  6. Ha en åpen dør.
  7. At du engasjerer deg i helheten og ikke bare den faglige delen av skolen.
  8. Ta digitaliseringen på alvor.
  9. At du tør å endre etablerte praksiser der det trengs. 
  10. Ta de kampene du må, og la de uviktige kampene seile sin egen sjø.
  11. Å tørre å innrømme det, dersom noe går galt.
  12. At du ser meg.
  13. At du fortsetter å lytte. (Ein skreiv at eg gjerne kunne gjere berre det, heile det første året).
  14. Å skape vi-følelse.

Det siste er særleg viktig. Ingen av oss skal gløyme kvar vi kjem frå. Men det er framtida vi skal skape sammen. Den handlar om å bygge det nye arbeidslivsuniversitetet. Steg for steg. Stein på stein. 

Det er slik vi framover skal «…gi flest mulig anledning til utdanning og personlig utvikling i et livslangt læringsperspektiv, og til det beste for samfunnet».

Det ser eg fram til.

Takk for oppmerksomheita!

Tale ved rektorinnsetting 23.08.18.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *